Stiftinga Hilmar Alexandersen er glade for å annonsere at vi har tilsett Ragnhild Godal som ny festivalsjef for Hilmarfestivalen, seier dagleg leiar Johan Einar Bjerkem. Godal kjem no frå stillinga som dagleg leiar av Kystpilgrimssenteret på Smøla i Nordmørsmusea. Tidlegare har ho mellom anna vore seniorrådgivar i Distriktssenteret og Kultursjef i Halsa kommune. Ho har også i mange år vore leiar av Norsk Vandrefestival, og er godt kjent med både folkemusikk, folkedans og forteljing.
Ho har ein veldig spennande og god bakgrunn for denne oppgåva, og vi er så glade for at ho kjem flyttande til Steinkjer og startar i jobben 1. februar, fortset Johan Einar Bjerkem. Det skadar heller ikkje at ho har bakgrunn og erfaring både som prosessleiar og bonde, legg Bjerkem til.
Ragnhild Godal seier: «Det er med stor respekt og beundring for alt det fantastiske som skapes og utøves med Hilmarfestivalen som arnested, at jeg nå blir med på laget. Dette kom som et tips og en invitasjon jeg lot meg lokke av. Å tiltre rollen som festivalsjef for Hilmarfestivalen må jo bli både interessant, lekent og moro! Kulturarvbasert utviklingsarbeid er noe jeg ivrer og brenner for. Hilmarfestivalen beveger seg i spenningsfeltet mellom arv og fornyelse, kan det bli bedre?
Kulturhuset i Steinkjer er jo utrolig flott med mye spennende aktivitet. Her er det mange og mye å bli kjent med og la seg inspirere av. Ser virkelig fram til å «trø dansen» i hverdag og fest med kollegaer og alle andre som på en eller annen måte er involvert eller deltagende i denne skapende aktiviteten for regionen, landet, Norden og verden. Med dans, musikk, tale og kunst som gylne ledetråder skjer det mye fint!»
Johan Einar Bjerkem avslutter med at Ragnhild Godal blir med som hospitant for noverande festivalsjef Maiken Lien Jørgensen under gjennomføringa av årets Hilmarfestival 5. – 9. november på Steinkjer. Det er venta eit besøkstal på ca. 15 000 på dei over 70 arrangementa, der også konferansen om kreativitet og næringsliv KREANOR 2025 går av stablen torsdag og fredag. Mye av festivalen er gratis for publikum, mellom anna opninga på onsdag kveld og det fleirkulturelle myldrearrangementet laurdag.