Nordlek 2012 – Nordisk Glød

Nordlek 2012 – Nordisk Glød

Nordisk glød er eit prosjekt som tar mål på seg å motivere unge musikarar til å satse på folkemusikken som leveveg. Utøvarane er plukka ut av samarbeidspartnarane i Nordlek og skal mellom anna produsere nattkonserten Nordisk Glød. Gled deg, for dette blir vakkert!Sju unge og dyktige folkemusikarar vart av sine nasjonalkomitear invitert inn i dette NORDLEK2012 prosjektet. Dei møttest første gong 10. juli og arbeida intenst kvar dag fram mot denne nattkonserten i Steinkjer Kyrkje natt til laurdag 14. juli. Eit stort publikum fekk gleda av å sjå og høyre ei vakker, variert og stemningsfull konsert med unge og svært talentfulle folkemusikarar som vi truleg får høyre meir til på folkemusikkarenaen i framtida.

Produktet kan kjøpes på Kongensgate 30 i Steinkjer eller gjennom bestillingsskjemaet nedenfor.

Pris: 200,-

Bestillingsskjema