Arne Rygvold: «Virke». Treskulpturar. Festivalutstilling og stipendiatutstilling Jakob Weidemann Minnestipend.

31. oktober 2020

13:00 - 14:00

Regimentsboligen, Steinkjer

Johan Bojers gate 10, Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

Regimenten er åpen lørdag og søndager fra 12.00 til 15.00, siste åpningsdag for stipendutstillinga er 8.november.

Eit tilfelle som ser ut som ein tanke har gjort at årets Hilmarfestivalutstilling i Regimentsboligen også er utstillinga med vinnaren av Jakob Weidemanns Minnestipend 2019.

Stipendutstillinga blir vanlegvis avvikla på våren, men vart i år altså flytta til hausten. Og tanken? Hilmarfestivalens tema «Drivkraft» kunne ikkje høvd betre for nokon enn det gjer for Arne Rygvold – eggesokningen  med bakgrunn i tømrerlina på Egge yrkesskole og kunstutdanning i Bergen. Rygvold arbeider i all hovudsak i tre, dels med tresnitt, men først og fremst med treskulpturar. «Eg liker at det er eit tidkrevande arbeid, det er noko av drivkrafta mi», seier  Arne:  For meg dreier kunst seg også om å leite etter noko eg ikkje har sett før. Det er  vel eit slags teikn på godt handverk at resultatet av den krevande og vanskelege prosessen skal sjå leikande lett ut. Men eg er ikkje ute etter å utvise virtousitet. Den handverksmessige kvaliteten skal ta publikum inn i eit område der dei kan reflektere over forholdet mellom ting og tanke, det skapande og tenkande mennesket sitt møte med materialet».

Arne Rygvold

Utstillinga opnar i Regimentsboligen 31.oktober kl 1300 og er open laurdagar og søndagar mellom 12 og 15. Siste dag  8.november.

 

Kjøp billetter