Bokpøbb: “Augusta Aasen : Viljen-Striden-Reisen.En livshistorie” av Arild Bye
4. november 2020
19:00 - 20:30
Vårt Hjem, Steinkjer
Kjøp billetter
Augusta Aasens episke livshistorie har blitt bok. Augusta var den første trønderske arbeidarkvinna som markerte seg nasjonalt og internasjonalt. Utan tvil er ho ei av dei fremste kvinnelege sosialistane Trøndelag har fostra. Ho døydde alt for tidleg i ei ulykke i Moskva i 1920, mens ho sto midt oppe i sitt politiske arbeid.
Augusta Aasen dreiv i hovudstaden avis, mens ho også reiste rundt og heldt hundrevis av foredrag som omreisande agitator. På desse turane fekk ho i gang ungsosialistlag og arbeidarkvinneforeiningar over heile landet. Steinkjer-forfattaren Arild Bye har skrive boka Augusta Aasen-Viljen-Striden-Reisen. En livshistorie. Denne kvelden fortel han frå det dramatiske livet til kvinna som til no mest har vore kjent som mor til diktaren Arne Paasche Aasen, fødd i Steinkjer. Denne gongen er det mora og ikkje sonen som står i fokus.
Styremedlem i Kristofer Uppdals venner Anne Hulbækdal ønsker velkommen.
Forfattar Arild Bye
På grunn av koronarestriksjonane må vi ha påmelding/førehandstinging av billettar. Gå til lenka https://forms.gle/SWBet26RpPjzPRLM8 og meld deg på/bestill billett.