Danseforestillinga “YR”
6. november 2019
18:30 - 19:30
Saga Scene, Dampsaga Kulturhus
Kjøp billetter
Eit møte mellom folkemusikk, folkedans og samtidsdans med Ragnhild Hemsing, Hallgrim Hansegård, Tor Espen Aspaas
To meistrar frå kvar sine kunstformer og miljø møter kvarandre i ein konsert som er vorte kalt for “ear-tweaking inventiveness” av Strad Magazine.
Fiolinist og hardingfelespelar Ragnhild Hemsing er den einaste skandinav som har vunne den prestisjetunge “Beethoven-prisen” i Bonn. Hallgrim Hansegård er fire gonger Norgesmeister i halling og har vunne store internasjonale prisar som koreograf. Saman har dei særleg tatt tak i samtidskomponisten Lasse Thoresen sitt arbeid og laga eit uvanleg kunstprosjekt med norsk særpreg. I Dansekonserten YR får publikum vera med på ei reise i møtet med musikk og dans på knivseggen mellom det tradisjonelle, klassiske og samtidige som til slutt ender opp med verket “Yr” komponert av Lasse Thoresen, der begge musikkverda møtast i eit spennande og kraftfult uttrykk. Publikum får óg kjennskap til fleire komponistar som har latt seg inspirere av norsk folkemusikk og folkedans.
Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård er to scenekunstnarar som har vokst opp med den tradisjonelle folkemusikken og folkedansen i Valdres, men som har skapt sitt eige musikalske særpreg gjennom ein karriere i klassisk musikk og samtidsdans.
Ragnhild Hemsing og Tor Espen Aspaas starta sitt duosamarbeid i 2010 som ei førebuing til innspeling og lansering av Ragnhilds debut-cd «YR» med norske verk av Grieg, Sparre Olsen, Thoresen og tradisjonell folkemusikk på hardingfele. Innspelinga kom ut på SIMAX Classics i 2011, blei Spellemannspris-nominert og mottatt med strålande kritikkar i inn- og utland. Sidan dette har duosamarbeidet blitt vidareført med ei lang rekke konsertar og turnéar, innspelingar og radiooverføringar nasjonalt og internasjonalt. Dei har óg gjesta kvarandre sine kammermusikkfestivalar (Hemsingfestivalen i Aurdal/Valdres og Vinterfestspill i Bergstaden på Røros) og samarbeida om nye prosjekt i ramma av desse.
Etter duoens debut ved Beethovenfest Bonn 2013 mottok Ragnhild den prestisjetunge Beethoven- Ring av foreninga «Bürger für Beethoven» («Borgere for Beethoven»). Tildeling av prisen skjedde i samband med ein ny duorecital i Beethoven-Haus’ kammersal våren 2014. Seinare har duoen blitt invitert til fleire av de mest velrenommerte konsertarenaene i Europa, deriblant Tonhalle Zürich, WDR Köln og Schwetzinger SWR Festspiele.