Draumkvedet med ny musikk av Unni Boksasp

12. januar 2023

18:00 - 19:00

Barrique Vinbar , Namsos

Barrique Vinbar, Stasjonsgata, Namsos, Norge

Folkesongar Unni Boksasp har som Anne Skålen både laga noko nytt og teke vare på det gamle. Tekstene Unni brukar er alle henta frå dei 100 ulike nedskriftene av Draumkvedet, og historia om Olav Aasteson si draumeferd er den same. Men ho har sett saman versa til sin eigen rekonstruksjon. Inspirert av tradisjonsmusikken og tidlegare formidlarar av Draumkvedet, har ho har laga ny musikk og nye arrangement til den tidlause historia.

 

Sutene og så sorgene

dei blandar eg alt ihop,

munnen ler og hjarta gret

det er no ikkje alltid så moro.

Det var Olav Aasteson som heve sove så lenge.

Idé, tekstutval, komponist og utøvar: Unni Boksasp

Regi og tekstutval: Marianne Meløy

Lysdesign: Vegard Finnekåsa

 

– Dette arrangement er i samarbeid med Namdal Seniorforum