Fortellerbonanza på InnoCamp

7. november 2021

12:00 - 14:00

InnoCamp

InnoCamp Steinkjer, Skolegata, Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

Heile 17 ulike fortellerforestillingar kan du oppleve søndag 7. november!

Kom til InnoCamp og møt 10 ulike forteljarar, to prisbelønte eventyrforfattarar, kaker, kaffi, te og
mange andre!

Vi startar klokka 12.00 med parallelle forteljarforestillingar i 4 rom. Kvar forestilling varer i ca. 20
minutt. Klokka 12.30, startar det ei ny forestilling med ei ny forteljing same stad – som også varer 20
minutt. Slik held vi på fram til 14.00. Det startar altså nye forestillingar i fire rom kvar halvtime – og
da kan velje å bli i rommet, eller å skifte rom! Her kan du fråtse. Du får altså 16 forestillingar på 2
timar fortalt av 10 ulike forteljarar!

Vi har kjempefint samarbeid med Midtnorsk fortellerforum i Trondheim og det nyoppstarta Steinkjer
Fortellerforum som skal fortelje i løpet av dei to timane!

Prisutdeling beste eventyr 14.00 – 15.00


For tredje år på rad har Hilmarfestivalen lyst ut eventyrskrivekurs til skolane i Steinkjer. Vi har fått inn
nesten 80 splitter nye eventyr! Det står ikkje på fantasien til våre unge håpefulle! I år blir det delt ut
premier i to aldersklassar. 3.-4. og 5.-7. klasse. Vinnarane blir plukka ut av ein jury beståande av Heidi
Grosch frå Hilmarfestivalen, Marianne Vanem frå Steinkjer bibliotek og Beate Heide frå Midtnorsk
Fortellerforum. Dei fire vinnareventyra blir framført av fire skodespelarstudentar og vinn 1000,-
kroner kvar til klassen sin, som klassen kan bruke på kva dei vil. Det blir prisseremoni og utdeling på
InnoCamp klokka 15.00, rett etter fortellerbonanzaen, så møt opp og hedre dei nye forfattarane
våre!
Og det beste av alt: Det er gratis inngang på heile fortellerbonanzaen og prisutdelinga!
Faktaboks med forteljaroppsettet!

 

Rom 1, NORRØNE FORTELLINGER
1200-1230:
“Da Loke stjal Sivs hår”
Eva Maria Aagaard

1230-1300:

“Ask og Embla blir skapt”
“Frøya”
Beate Heide og Kari Hustad

1300-1330:
“Da Loke stjal Sivs hår”
Eva Maria Aagaard

1330-1400:

“Ask og Embla blir skapt”
“Frøya”

Beate Heide og Kari Hustad

Rom 2

1200-1230:
“Pannekakehuset”

“Havtrollet som kjøpte salt”

“Gjetergutten”
Elsa Holmedal og Bjarne Aasum

 

1230-1300:
“Gutten som gikk til nordavinden”
Katten med støvlene”
Bjarne Aasum

 

1300-1330

“Pannekakehuset”

“Havtrollet som kjøpte salt”

“Gjetergutten”
Elsa Holmedal og Bjarne Aasum

 

1330-1400
“Gutten som gikk til nordavinden”
Katten med støvlene”
Bjarne Aasum

Rom 3

1200-1230:
“Fabelaktige fabler”
“Bjørnen og reven”
Ørna og kråka”
“Krabbene”
Kari Hustad

1230-1300:
“Søppeljenta”
“Kverna som maler på havets bunn”
Ingunn Skjelten

1300-1330:
“Fykomfei”
eventyr av Regine Normann
Beate Heide

1330-1400:
“Søppeljenta”

“Kverna som maler på havets bunn”
Ingunn Skjelten

Rom 4

12.00 – 12.30: 

Eventyr for vaksne 

“Han Stor-Per å’n Litj-Per”

“Hu Mestermøy”

Johan Einar Bjerkem Bjerkem

 

12.30 – 13.00:

“Valkyreirittet”

Guri Hjulstad

 

13.00 – 13.30:

“Trønderbilene”

Edvard Bergiton Iversen

 

13.30    – 14.00: Eventyr for familier

“Hain Bækkhuv-Hans”

“Kångsdøttra i slåtti med gullstølpåm”

Johan Einar Bjerkem

Kjøp billetter