Fotoutstilling «Skuggen» – Jens Berget

1. november 2020

17:15 - 17:30

Steinkjer Bibliotek, Dampsaga Kulturhus

Kjøp billetter

Fotokunstnaren Jens Berget er fødd og oppvaksen på Steinkjer, men bur no i Halden. Frå 2016 til i dag har han hatt 6 separatutstillingar. Han vil ha utstilling i Steinkjer bibliotek under Uppdaldåggån og Hilmarfestivalen 2020. Berget lager abstrakte bilder med berg og stein som motiv. Bilda redigeres og fargelegges digitalt. Fotografen har leita etter motiv på stader i Steinkjer der Kristofer Uppdal har levd.  Han har mellom anna vore på garden Oppdal i Beitstad der Uppdal var fødd og ved Skrattåsgruva i Egge der han arbeidde ei tid. Resultatet av desse fototurane blir viste på ustillinga. Etter Hilmarfestivalen skal utstillinga ut på turne. Første stopp blir Frivilligsentralen i Beitstad. Så kan ein berre undre seg: Er tittelen på utstillinga Skuggen inspirert av bokverket Dansen gjennom skuggeheimen – eller antyder kunstnaren at han fortsatt fornemmer skuggar etter Kristofer Uppdal sitt liv i Steinkjerområdet?

Opning av utstillinga foretas av styremedlem i Kristofer Uppdals venner, Per Rygvold.

Kjøp billetter