Hilmarkonserten med Sturla Eide

9. november 2018

17:00 - 18:00

Steinkjer

Dampsaga Kulturhus, Bogavegen, Steinkjer, Norway

Kjøp billetter

Hilmarkonserten med felespiller Sturla Eide

Sagt om Sturla Eide:
Sturla har truleg alltid svevd fritt i det musikalske landskapet til folkemusikken og fela. Han har kasta seg ut frå fjellskrenten i eit trøndersk landskap, og kanskje svevar han vidare i hangglider over nye landskap og tek nedi med føtene både her og der. Dermed blir han heller ikkje sittande ved leirbålet og dyrke korkje ”sanningar” eller ”soger”.

Sturla har ei slåande musikalitet og ferdigheiter på fela som mange vil misunne han. Dette grunnlaget brukar han til skape noko som er hans eige kart over slåttemusikken. Om han tolkar tradisjonsmateriale eller skaper nytt, skjer det samme: Han går forbi klisjeane, men aksepterer vendingar og konvensjonar som er nødvendige for at det skal bli attkjend som slåttemusikk. Men i musikken kjennest eit inderleg ønskje om snakke til publikum, sette i gang prosessar, løfte augnebryn og røre på samme tid. Det finst ikkje ein einaste likegyldig tone når Sturla spelar. Det er eit godt kjenneteikn på kunstnarleg vilje og retning. (Arild Hoksnes)

Denne konserten inngår også i Festivalpass for Hilmarfestivalen

Kjøp billetter