Hilmartalent-konserten

7. november 2020

18:30 - 19:30

Vårt Hjem, Steinkjer

Hilmartalentet Synnøve Brøndbo Plassen:

Juryen har plukka ut Synnøve Brøndbo Plassen til å vere det nye fremste talentet innanfor folkemusikken i dag. Ho er frå Folldal, men mora, Gunn Brøndbo er faktisk frå Stod i Steinkjer kommune, så jenta har gode aner!

Da vi spurte om kven ho ville ha som mentor, så sa ho at no hadde ho fire
songlærarar, så ho kunne tenke seg ein mentor som ho kunne arbeide med for å utvikle seg innan arrangering og komponering. Så spurte ho om Gjermund Larsen kunne vere mentoren hennar. Og det kunne han. Dei hadde sitt første mentormøte under Hilmarfestivalen 2019.

På denne konserten blir vi vitne til eit møte mellom Synnøve og Gjermund, og blir litt kjent med deira arbeid og samarbeid i prosjektet.