HilmarTalent-konserten

9. november 2019

16:30 - 17:45

Høvel`n, Dampsaga Kulturhus

Hilmartalentet er eit nasjonalt program der ein jury plukkar ut den mest lovande enkeltutøvaren innanfor folkemusikken.

Sparebank1 SMN og Talent Norge står bak prosjektet saman med Stiftinga Hilmar Alexandersen.

Dette talentet får eit stipend og arbeide saman med ein mentor. I tillegg blir det mellom anna sett opp konsertturne med Hilmarscena og konsertar under Hilmarfestivalen. Dette er sjølve rosinen i pølsa: Nyskapinga Hilmartalentkonserten.

For to år vart Helga Myhr frå Hallingdal plukka ut som Hilmartalentet – og har i år 5 innslag på Hilmarfestivalen. Helga Myhr har spelt hardingfele og vore kvedar sidan tidleg i barndommen.

Helga valte seg Tuva Syvertsen frå Valkyrien som mentor for to år sidan. No har dei jobba saman desse åra, og i oktober slepte Helga si første soloplate med Tuva som produsent. No opptrer dei på same konsert! Og vi får høre smakebitar frå ei av dei mest etterlengta soloplatene av ein ung, dyktig og grensesprengande musikar på full fart framover i livet.

Denne konserten markerer samtidig starten på ein ny runde med Hilmartalentet. Mens Helga går ut frå Musikkhøgskolen i år, startar det nye talentet! Juryen har plukka ut Synnøve Brøndbo Plassen til å vere det nye fremste talentet innanfor folkemusikken. Ho er frå Folldal, men mora, Gunn Brøndbo er faktisk frå Stod, så jenta har gode aner! Når vi spurte om kven ho ville ha som mentor, så sa ho at no hadde ho fire songlærarar, så ho kunne tenke seg ein mentor som ho kunne arbeide med for å utvikle seg innan arrangeringing og komponering. Så spurte ho om Gjermund Larsen kunne vere mentoren hennar. Og det kunne han. Dei har sitt første mentormøte under festivalen. Og sanneleg dukkar ikkje dette paret opp på Hilmartalentkonserten saman med dei to andre. Og ikkje nok med det:

Leiar i juryen for Hilmartalentet: Steinar Ofsdal blir også med!

Da er vi i den unike situasjonen at fem av dei fremste utøvarane frå tre ulike generasjonar står på same scene. Kjenner du besøkelsestida dit, så lovar vi ei oppleving av dei sjeldne!

Helga Myhr – hardingfele

Synnøve Brøndbo Plassen – song

Tuva Syvertsen – song og hardingfele

Gjermund Larsen – fele

Steinar Ofsdal – fløyter