Konsert: Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Aukrust, kirkeorgel
8. november 2024
14:30 - 15:10
Steinkjer kirke
Steinkjer kirke, Kongens Gate, Steinkjer, Norge
Kjøp billetter
- Barn under 12 år gratis sammen med en voksen.
- Gyldig ledsagerbevis OG legitimasjon MÅ medbringes og fremvises!
- Har du Hilmarkort? Da har du sikret festivalpass. Du trenger ikke å kjøpe festivalpass på nett. Ta med Hilmarkortet ditt og hent ut festivalbånd i foajeen på Steinkjer kulturhus når festivalkontoret åpner i november. Lurer du på noe ta kontakt med Embla Olsen: embla@hilmarfestivalen.no
I duoen Fossum/Aukrust får vi oppleve eit unikt lydbilde: Den lågmælte og klangfulle langeleiken, som har levt i minst 500 år i Noreg – i kombinasjon med kyrkjeorgel, eit av dei mektigste instrumenta vi har. Gjennom konserten får vi høyre folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres i ein ny musikalsk drakt: Halling og springleik, lyarlåttar og bådnsullar, delvis i kombinasjon med nyare, klassiske verk. Mykje av musikken har fjell- og stølsliv som tema, frå fjella som skiljer heimtraktene til dei to utøvarane. Langeleiken og orgelet skiftar mellom å ha ein ledande rolle, og vi får òg høyre song og kraviklyre.”
Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres (f. 1991), er ei av landets fremste unge langeleikutøvarar, og har ein bachelor i tradisjonsmusikk på Ole Bull-Akademiet (med tilhald i Oslo). No tek ho ein master i utøvande folkemusikk ved Norges musikkhøgskole (NMH). Ho byrja med langeleik i kulturskulen då ho var åtte år, og har sterke røter i den levande langeleiktradisjonen. Ho er oppteken av å lyfte fram det tradisjonelle spelet, samstundes som ho utfordrar langeleikens bruksmåte. Ingrid har samarbeidd med ei rekkje musikarar i ulike sjangrar, og blant anna budd periodevis i Tanzania, der ho har kombinert norsk og afrikansk folkemusikk. I 2022 vart ho valt som årets Hilmartalent, som ein av dei mest lovande enkeltutøvarane innanfor folkemusikken.
Vemund Olav Aukrust frå Lom (f. 1996) er utdanna kyrkjemusikar frå NMH og HMDK Stuttgart, har nett fullført ein mastergrad i utøvande orgel hjå Karin Nelson og Kåre Nordstoga på NMH. På heimegarden i Bøverdalen vart han utsett for eit bredt spekter av kulturuttrykk gjennom oppveksten, og har med tida fått større interesse for røtene i folkemusikken. Vemund har hatt solo- og ensemblekonsertar rundtom i Noreg, Tyskland, Sveits og Sverige, og har hausta allsidig erfaring i samspel med kor og orkester. No om dagen spelar han mykje med folkemusikarar og barokkmusikarar, og freistar å dra parallellar mellom desse sjangrane med inn i orgelspelet. Med ein bachelor i friluftsliv frå Høgskulen i Volda i botn er han framleis aktiv med føring og naturformidling til fjells om sumrane.
Kjøp billetter
- Barn under 12 år gratis sammen med en voksen.
- Gyldig ledsagerbevis OG legitimasjon MÅ medbringes og fremvises!
- Har du Hilmarkort? Da har du sikret festivalpass. Du trenger ikke å kjøpe festivalpass på nett. Ta med Hilmarkortet ditt og hent ut festivalbånd i foajeen på Steinkjer kulturhus når festivalkontoret åpner i november. Lurer du på noe ta kontakt med Embla Olsen: embla@hilmarfestivalen.no