Litteraturseminar med Ingrid Storholmen og Per Helge Genberg

1. november 2020

17:30 - 19:00

Steinkjer Bibliotek, Dampsaga Kulturhus

Kjøp billetter

Dei to inntrønderforfattarane Ingrid Storholmen og Per Helge Genberg kjem begge med bok i haust. Ingrid og Per Helge sine bøker er svært ulike, slik dei begge er ulike Uppdal. Dei skal samtale om bøkene sine, og om Uppdal som alltid ruver, som vågar vere hard og uforsonleg, som skriv om det stygge i oss utan å kjenne at han må skunde seg å balansere, dikke lesaren på haka, seier Ingrid.

Ingrid skriv i roman sin  Støvberar som kjem i oktober, om ei kvinne som slett ikkje er så sympatisk, sjølv om ho har sett seg i ein situasjon der ho skulle vore det, som misjonær i India, kor ho skal vise at tru er å gi, ikkje av det ein brenn inne med, men det som brenn i ein.

Kva blir att når ein sjølv held på å slokne? Per Helge si bok Og prosjekta skal bleikne har alt kommi ut og har fått særs gode omtalar mellom anna av Vidar Kvalsvåg på Bok365. Dei to nye inntrønderbøkene har språket felles med Uppdal. Det fint å vere fleire om den trønske nynorsken, seier Per Helge og Ingrid.

Arrangementet er gratis, men vi må ha påmelding på grunn av koronarestriksjonane – det er begrensa plass. Gå inn på lenka https://forms.gle/y1bUWxwWoDed3wU67 og hent ut gratisbillett.

Programleiar: styremedlem i Kristofer Uppdals venner Brit Arna Susegg

Kjøp billetter