Spell og dans fredag kveld
12. - 13. november 2021
19:30 - 00:00
Samfunnshuset, Steinkjer
Samfunnshuset i Steinkjer
Spell og dans er ein viktig del av Hilmarfestivalen. Fredag og laurdag kveld vil spellmannslag og gammeldansgrupper i regionen spelle opp til dansefest i Festsalen i det nyoppussa Samfunnshuset i Steinkjer
No kan folk danse heilt fritt med kven dei vil igjen! Så lenge dei vil! – no har vi den store gleda å invitere alle til spell og dans både fredagskvelden og laurdagskvelden under Hilmarfestivalen. Er du glad i å danse, så er det berre å ta danseskoa på og ta turen. Og har du ikkje prøvd det før, så er det på tide!
Vi veit at det vert godt driv når mangfaldet av trekkspel, toradarar og feler fyller scena for å spele for dykk, som Spellmannslaget i BUL Steinkjer, Levanger Spellmannslag, Trondheim toradergruppe, Monicas toradergruppe, Bjørn Solli & Anders Ekren, “Ann, Gunn & Arild”, Reidar Aksnes orkester og mange fleir.
Spell og dans er eit samarbeid mellom Hilmarfestivalen og BUL Steinkjer.
Fredag 12. november kl. 19.30 – 24.00 i Festsalen på Samfunnshuset kr. 150,- (student kr. 80,-)
Om du kjøper Hilmarkonserten og Spell & dans billett saman vert det kr. 270,- (student kr 140,-)