Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen
5. november 2019
21:00 - 22:30
Kulturpuben Vårt Hjem
Vårt Hjem Steinkjer, Kongens Gate, Steinkjer, Norge
Kjøp billetter
Kontrabassist, vokalist og låtskrivar Steinar Raknes har turnert verda rundt som jazzmusikar, i samspel med mellom andre Ola Kvernberg Trio, Tore Brunborg, The Core, Trondheim Jazzorkester og Chick Corea. Med prosjektet STILLHOUSE har han tatt med seg jazzbakgrunnen sin inn i americana-sjangeren, der blues, country og roots er hovudingrediensane.
STILLHOUSE-eventyret byrja med ei uventa oppdaging:
I vaksen alder fann den røynde kontrabassisten plutseleg ut at han kunne syngja! Og det var ikkje ein kva slag som helst stemme som gøymde seg i strupen på romsdølen, men ei varm, grovkorna og kjenslefull røyst, med hint av Bruce Springsteen, Tom Waits og Jonas Fjeld. Stemma og kontrabassen har vore den raude tråden i dei tre STILLHOUSE-utgjevingane som innheld både eigne komposisjonar og overraskande coverversjonar av mellom andre Prince, Depeche Mode, John Prine og Bob Dylan.
Til Hilmarfestivalen tar han med seg vokalisten Unni Wilhelmsen.