Uppdal-song-stund

12. november 2023

17:00 - 17:50

Elvesalen

Nye Steinkjer Kulturhus, Jakob Weidemanns gate, Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

Tider og menneske – Uppdalsongstund

Det er registret opp mot 100 komposisjonar/musikkverk inspirert frå eller direkte tonesett som musikk til Kristofer Uppdals dikt.  Ellrun Ystad er ein av dei som har tonesett flest dikt av Uppdal. Ho er ein hobbymusiker busett i Ogndalen. Ho starta tonesettinga av Uppdaldikt i 2004. Alt dette året framførte ho songar av Uppdal på Steinkjer bibliotek. Ellrun Ystad har også vore leiar og drivkrafta i Kristofer Uppdals venner i ei årrekke.  Nokre av songane ho framfører er i utgangspunktet dikt frå diktsamlinga «Tider og menneske». Ellrun synest at denne tittelen også kan fungere som tittel på songstunda.

Elvesalen, Steinkjer kulturhus søndag 12. nov kl 17.00

Gratis inngang

 

I ville skogja

Frå diktsamlinga Trøndervisur 1905.

 

I ville skogja på måssåm mjuk

Va stuggu tømra te husle bruk

Ho va vel lite å skådå på,

Men opp mot hemla steig røykjen blå.

 

Ja opp mot hemla steig røykjen blå,

Lik lette føgla på vengåm små.

Han flaug med bu frå dei to som nyss

Te samliv vigd sæg me arbes kyss.

 

Gu sign kvar sjel som på live tru

Og som med streve sett reise bu!

Ein heim – om enda han er eit sel,

Han e da heimen din likevel

 

Kjøp billetter