Uppdaldåggån: Atle Berge – Arbeidarlitteratur i dag

4. november 2022

17:45 - 19:00

Steinkjer bibliotek

Steinkjer bibliotek, Bogavegen, Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

«Uppdal er ein av dei største fornyarane i Norsk litteratur» seier Jan Inge Sørbø i Nynorsk litteraturhistorie. «I prosaen finn han eit nytt subjekt i historia. Hos han er det ikkje lenger nordmannen og fiskarbonden som fører utviklinga framover, det er rallaren og arbeidaren», hevdar Sørbø. Vi har derfor leita etter oppfølgjarar – arbeidarlitteratur av i dag. Forfattaren Atle Berge kom våren 2022 med roman: «Diskursteori for barn og fulle folk»  Boka handlar om korleis ein mannleg jordmor gjer opprør mot new public management – verktya og språkbruken som gjennomsyrer både arbeidslivet og privatlivet no, og om effektiviserings- og optimaliseringsideologien. Berge fekk LO sin litteraturpris for romanen Puslingar, som handlar om oljearbeidarane og dei som mista sine næraste i Aleksander Kielland-ulykka.

Kjøp billetter