Uppdaldåggån: Opning av kunstutstilling

4. november 2022

17:30 - 18:30

Steinkjer Bibliotek

Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

Åpning av kunstutstilling av Elin Glærum Haugland. Elin Glærum Haugland er vald til kunstnar for Uppdaldåggån 2022. Ho har utstilling på Steinkjer bibliotek.

Utstillinga viser verk av Haugland som baserer seg på mineralfargar som er samla ved Skrattåsgruvene i august i år og ved Folldalgruvene sommaren 2021.

Kristofer Uppdal levde i nærleiken av desse gruvene i deler av livet sitt, og han arbeidde i Skarttåsgruvene i det som da var Egge kommune.

I utstillinga utforskar Haugland mellom anna fargepaletten frå begge gruveområda, kvar for seg og sett opp mot kvarandre. Fargane har ulike kvalitetar og gir kunstnaren høve til varierte  kunstuttrykk – avhengig av underlag, blandingsforhold og korleis dei blir kombinert – med fokus på farge, taktilitet og teknikk.

Utstillinga er åpen når biblioteket er åpent og når det er program for Uppdaldåggån i biblioteket (fredag 4.nov. og måndag 7.nov.)

 

Kjøp billetter