Kven er du? Velkomen til Hilmarfestivalen 2019!

fargespilltron-1000x572

Kven er du?

Hugsar du korleis du utvida adressa di då du var born? Til dømes slik: Bogavegen, Nordsida, Steinkjer, Nord-Trøndelag, Midt-Norge, Norge, Skandinavia, Europa, Jorda, Solsystemet, Verdsrommet.

Poenget med denne leiken var å sjå kor langt «ut» ein kunne komme. Som vaksen kan dette óg være ei nyttig øving i å forstå kor liten ein er i ei større samanheng. Men – vi kan kanskje i tillegg innsjå at vi har mykje til felles med andre menneskje! Vi deler både lokal og regional kultur, til dømes – og vi har mykje til felles nasjonalt óg, det er først når vi kjem litt lenger ut «i adressa» at vi kan sjå nokre skilnadar mellom oss og andre. Av og til fokuserer vi kanskje kun på desse skilnadane, og ikkje på fellestrekka?

Heimstaden og oppveksten former vår identitet, anten vi vil eller ikkje. Den gir oss verdier vi ikkje veit om ein gong, som til dømes kva fotball-lag vi skal heie på (eller ikkje..).

Heimstaden og oppveksten gir oss óg kulturelle verdiar og moglegheiter, samstundes som nokre dører kanskje aldri vert opna for oss – fordi dei ikkje finst der vi veks opp. Vi kan ikke lære å spele fele på heimstaden, om der ikkje finst felelærarar, eller få interesse for ballett eller teater, om vi ikkje kan få prøve det sjølve, få moglegheita.

Identitet er tema for Hilmarfestivalen 2019.

Vi vil presentere artistar og kunstnarar som på ulikt vis vil opna auga våre og vise oss kor mangfaldig og rik kultur kan vere, og korleis kultur kan påvirke og forme identiteten vår. Vi vil syne fram lokal kultur, både når det gjeld musikk, kunst – og mat! Du kan også glede deg til konsertar og forestillingar av musikarar som heile Noreg kjenner til, dei kjem òg til Steinkjer denne fyrste veka i november 2019.

Men – vi ønskjer faktisk «heile verda» velkomen til Steinkjer den veka!

Du kan mellom anna glede deg til forestilling med fantastisk dyktige born og unge frå heile verda, som kjem med eigen «Fargespill» – forstilling, for å nevne nokre av dei som skal ta del i å gjere Steinkjer ekstra åpen, lys og glad denne veka i november. Denne veka kjem verda på vitjing!

Så – kven er DU etter denne spanande kulturveka?

Vi trur du har «forlenga adressa di», og blitt ein del av noko større. Vi trur du vil ha opplevd noko vakkert, og utvida din kulturelle identitet! Og vi er heilt sikre på at du har hatt det kjempetriveleg!

Velkomen til Hilmarfestivalen 2019!