Uppdaldåggån – Steinkjer sine litteraturdagar

Uppdaldåggån er ein litteraturfestival som skal auke kjennskapen til og kunnskapen om Kristofer Uppdal og diktinga hans. Arrangementet vart gjennomført første gong i 1997 i regi av Kristofer Uppdals Venner. Uppdaldåggån har alltid samarbeidd med Steinkjer bibliotek. I dei seinare åra har Hilmarfestivalen vore fast samarbeidspartner.

Programmet for årets festival består av heile åtte arrangement som sett lys på Kristofer Uppdal og viser kva han betyr for vår moderne tid. Uppdal vaks opp i Ogndalen og gikk heile barneskolen her.  Det eine av arrangementa er derfor lagt til Gildevangen – forsamlingshuset til Ul Ogna som han var med på å stifte i 1896.

Forfattaren Kristofer Uppdal

Kristofer Uppdal

Forfattaren Kristofer Uppdal, fødd i Beistad 1878, var romanforfattar, lyrikar, essayist, kritikar og rallar. Han er ein av dei mest synlege forfattarane i den nynorske litteraturhistoria, og særleg kjend som ei røyst for arbeidarrørsla og norskdomsrørsla, samt som ein fornyar av lyrikken. Han er truleg den einaste norske forfattaren som var aktiv i to av dei store norske folkerørslene som levde frå om lag 1860 til 1980: Norskdomsrørsla og Arbeidarrørsla. Når professor Rune Slagstad hevder at dei fire norske folkerørslene var med på å legge hovudgrunnlaget for at Norge er eit av dei beste landa å leve i, gir også dette ein ny dimensjon til personen og forfattaren Kristofer Uppdal.

Kristofer Uppdals venner

Kristofer Uppdals venner gjennomfører Uppdaldåggån. Laget har utvikla seg i retning av å bli eit generelt litteraturselskap som engasjerer litteraturforskarar på høgt fagleg nivå frå heile landet. Vil du bli med på å støtte opp om arbeidet? Meld deg inn i Kristofer Uppdals venner ved å kontakte [email protected] tlf 95 99 35 69

Uppdaldåggån er arrangert i samarbeid med

Logo steinkjer bibliotek
Stående farge (1)
Logo Mållagsoransje NM (1)
nm_logo_farge
fritt-ord-logo-svart
Hilmarlogo med luft rundt2 (1)