– Musikk og dans er uttrykk for glede – også i kjerka!

Rudolf DeBeer og Kristin Eek

Kantorane Kristin Eek og Rudolf de Beer i Steinkjer gler seg til Hilmarfestivalen

-Vi har deltatt på Hilmarfestivalen på ymse måtar i mange år, fortel Kristin Eek. . -Mellom anna har vi eigen Folketonegudsteneste, noko som gjer at vi får satt folkemusikken inn i den samanhengen òg. Det gler vi oss til!

Kristin Eek er opprinneleg frå Sparbu, og er utdanna kyrkjemusikar frå Stavanger Musikkonservatorium. Ho var ferdig med Hovudfag i Musikkvitskap ved NTNU i 2000. Ho har vore kantor i Steinkjer og Egge kyrkjer sidan 1997.

-Det er òg ein interessant avveksling frå det vi spelar til vanleg, legg ho til, -og Hilmarfestivalen har verkjeleg lukkast med å setje tradisjonsmusikken “på kartet”, både under sjølve festivalveka og ellers i året.

Du deltek og i Folketonegudstenesta, som dirigent for Steinkjer Kammerkor, Rudolf?

-Ja, det er blitt tradisjon at dette koret er med på den gudstenesta, svarer Rudolf de Beer. -Vi vil gjerne vere mer på MEIR ÒG! Samarbeidet med Hilmarfestivalen har alltid vore nært og godt, noko vi set stor pris på.

-Vi anar ein aksent hjå deg?

-Ja, smiler Rudolf, – eg kjem frå Sør-Afrika, og der studerte eg piano og komposisjon ved Potchefstroom University. Så tok eg master ved Universitetet i Oslo, og seinare doktorgrad i kordireksjon ved Nelson Mandela Metropolitan University, Port Elizabeth og Norges Musikkhøgskole. Eg kom til Steinkjer i 2012, og trivst godt!

Fleire av konsertane under Hilmarfestivalen vert i kyrkja – utan at desse konsertane har eit kyrkjeleg eller religiøst preg – kva tenkjer de om det?

-Steinkjerkyrkja har alltid hatt ein open og inkluderande haldning, svarer Kristin Eek, -sjølv lenge før resten av kyrkjene i landet opna opp for nye inntrykk og uttrykk. Kanskje kunne ein ikke hatt dansarar og felespelarar i kyrkja for 40 år sidan, men no klarar vi alle å sjå at musikk og dans er eit gledesuttrykk – også i kyrkja!

(Her kan du lese meir om sjølve orgelet i Steinkjer Kyrkje.)

Hilmarfestivalen 2019 opnar med Festivalpreludium i Steinkjer Kyrkje (ved Kristin Eek) laurdag 2.november kl. 12:00.

(Tekst/foto: Kristin Myrmel)