BLI MED PÅ LYSVANDRINGA!

Kantor Kristin Eek med Steinkjerpositivet på tablå 2018

INVITASJON TIL LYSVANDRINGA 2019:

Hilmarfestivalen takkar for stor innsats i 2018 og ønsker laget ditt og deg velkommen til eit nytt lyseventyr i Steinkjer.

Lysvandringa startar frå Rådhuset torsdag 7. november klokka 17.45 og ender opp framfor Dampsaga Kulturhus ca. klokka 18.15. Der blir det ca. 10 minutts felles songprogram både for dei som går i toget og for alle som er med på tablå. Vi skal synge unisont og acapella, – songprogrammet kjem til å komme på heimesida til Hilmarfestivalen.

Kvelden startar med myldrearrangement, i samarbeid med Tusenfryd Kaffe, og gratis servering av mat i Weidemannssalen i Rådhuset. Der blir det også ein del kunstnariske innslag frå scenen, så sei frå om de også vil opptre her! Myldrearrangementet varer frå kl 16.00 til lysvandringa startar, altså klokka 17.45. Tema for festivalen i år er identitet, og for lysvandringa eventyr, men laga treng ikkje å ta omsyn til dette om det ikkje passar dei.

Klokka 18.30 er det konsert i Dampsaga med Fargespill Trondheim. Musikk og dans frå heile verda med barn og unge i hovudrolla, og med profesjonelt backingband. Vi kan love ei stor oppleving for dei som går på denne konserten. For dei som ikkje veit kva dei har i vente, kan vi anbefale å google «Fargespill» for å sjå eksempel frå forestillinga. Hilmarprisen blir også delt ut på denne konserten.

Handfaklar vil bli utdelt utafor Rådhuset både til dei som skal delta med tablå og til dei som skal gå i toget. Vi vil plassere ut lyskastarar til tablåa der det er for lite lys.

I 2018 var det 32 ulike tablå med på lysvandringa. Vi håper på like stor oppslutting frå kor, korps, dansegrupper, ungdomslag, teatergrupper og andre oppfinnsomme personar også i år.

 

Påmelding til å delta med tablå under lysvandringa vil vi gjerne ha før 21.oktober til Berit Bjerkem tlf 909 50 702 eller [email protected]

 

Som takk til alle som deltar med tablå, vil Hilmarfestivalen gi 50% rabatt på billetten til Fargespillkonserten i Dampsaga klokka 18.30 eller å kjøpe festivalpass for heile Hilmarfestivalen for kr 950,- (vanleg pris er kr 1 250,-). Sjå heile Festival-programmet HER!

Send gjerne epost til [email protected] for å få bestilt desse rabatterte billettane!

 

Helsing Lysvandringskomiteen: 

Berit Bjerkem tlf 909 50 702,

Anfrid Kummernes tlf 952 30 899,

Asbjørn Skjesol tlf 977 99 852,

Willy Nordbakk tlf 992 36 569.