Astrid Skogseth ny festivalsjef for Hilmarfestivalen

Astrid Skogseth

Styret i Stiftinga Hilmar Alexandersen har tilsett Astrid Skogseth som ny festivalsjef for Hilmarfestivalen, fortel ein glad og fornøgd dagleg leiar Johan Einar Bjerkem. Astrid kjem inn mye god balast og erfaring, og har mange gode tankar og utviklingsplanar, seier Bjerkem.


Hilmarfestivalen er ein av landets største folkemusikkfestivalar med eit mangfald av uttrykk og blir arrangert i starten av november kvart år i Steinkjer. Astrid Skogseth fortel ho er glad over å ha fått jobben: Hilmarfestivalen står for kvalitet, samtidig som dei gjer mange overraskande og spreke val, seier ho.

Eg gleder meg til å arbeide med kultur på heiltid og vere med og utvikle festivalen og heile organisasjonen i åra som kjem.

Astrid Skogseth er tilsett i 100 % stilling i eit åremålsstilling i tre år. Ho begynner for fullt i arbeidet 15. juni. Skogseth arbeider no som seniorrådgivar og prosjektleiar i Steinkjer Næringsselskap. Her vegleier ho
bedrifter i utvikling, og med bakgrunn frå teatret har ho mellom anna arbeidt mye med bedrifter innanfor kulturnæring. Ho har også vore leiar for fleire store arrangement, som Scenetreff Trøndelag, delfinale i Melodi Grand Prix og 150-årsjubileet til Steinkjer. Astrid Skogseth har også vore leiande i utviklinga av nærdemokratimodellen Bolystteam for Steinkjer
kommune, og gjennom dette over fleire år vore ein støttespelar for lokal samfunnsutvikling i bygdene i kommunen.

Hilmarfestivalen er eigd av Stiftinga Hilmar Alexandersen som i tillegg til festivalen også mellom anna arrangerer konsertar året rundt i heile Trøndelag, driv Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans, er koordinator for Fortellernettverket TALE og står bak HilmART. Som festivalsjef vil Astrid Skogseth også vere med og utvikle den heilårlege drifta i Stiftinga Hilmar Alexandersen.