Hilmarsentret

Hilmarsentret arbeider for å styrke immateriell kulturarv i Midt-Noreg. Det kan vere forteljing, handverk eller folkemusikk og folkedans. Vi har mellom anna støtte til dette arbeidet via løyvingar til Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF). MSFF er ein del av Hilmarsentret / Stiftinga Hilmar Alexandersen.

Stiftinga har 13 grunnfondsinnskytarar, er ei ideell stifting og skal i følgje formålet «vere ein arena for å fremje tradisjons-kultur og kultur som næring."

MSFF arbeider for å styrke og vidareutvikle miljøet og alle former for formidling av folkemusikken og folkedansen i landsdelen. Dette gjennom å styrke talent, profesjonelle aktørar i bransjen og breiddemiljøet. Vi samarbeider med andre relevante kulturaktørar, både private og offentlege på regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan; både innanfor og utanfor sjangeren. Vi vil styrke arrangørar, utøvarar og rekruttering. Stiftinga leverer også produksjonar av høg kunstnarisk kvalitet gjennom for eksempel Hilmarfestivalen og Hilmarscenen som står bak konsertar i heile Trøndelag.

Arrangement