HilmART

HilmArt er Hilmarfestivalen sitt program for visuell kunst.

Vårt hovudmål er å presentere 1-2 temporære kunstverk av høg nasjonal/internasjonal kvalitet under kvar Hilmarfestival. Dampsaga kulturhus, Torget og Steinkjer kirke er dei viktigaste arenaene.

HilmArt ønsker å invitere kunstnarar til å lage kunstverk, gjerne installasjonar, spesielt for Hilmarfestivalen, verk som blir borte når festivalen er over. Skulpturar og installasjonar i, utanfor eller mellom dei sentrale scenene vil vere kunstverk festivalpublikum og andre kan oppleve i forbifarten, men som gir rom for ettertanke og refleksjon – kunstverk som er raske å svelgje, men som har lang ettersmak.

HilmArt samarbeider dessutan med Steinkjer kunstforening, Steinkjer Kulturskole, Uppdaldåggån, Jakob Weidemanns venner, Saemien Sijte, Egge Museum og andre om utstillingar under festivalen.

HilmArt har eit eige programråd som står for planlegging og gjennomføring av programmet.

I dag sit Anne Mette Hegdahl som leiar av programrådet, og ho har med seg Inger Lillesand, Robert Øfsti og Susanne Lyngmann.

Anne Mette Hegdahl, leder HilmART

Program

Det er for tiden ingen kommende arrangementer.