Seminar: “Profetens tale” ved Erlend O. Nødtvedt

12. november 2023

16:00 - 16:50

Elvesalen

Nye Steinkjer Kulturhus, Jakob Weidemanns gate, Steinkjer, Norge

Erlend O Nødvedt kommer til Uppdaldåggån og Hilmarfestivalen

Kulten – «eit av dei merkelegaste verka i norsk bokheim»

Erlig O. Nødtvedt til Uppdaldåggån 2023

I 1947 kom Kristofer Uppdals gigantiske trilogi Kulten ut på Aschehoug forlag. Verket har tre bind: Galgberget, Hagamannen og Løysinga. Det 1200 siders lange religionsfilosofiske diktverket er blitt kalt «eit av dei merkelegaste verka i norsk bokheim» og «så originalt i alle måtar at det vil krevje ein plass for seg i boksoga». Liknande karakteristikkar florerer, og nesten alltid blir verket karakterisert som vanskeleg. Kulten arbeidde Uppdal med i godt og vel 20 år. Det er sagt at «Kulten er som ein tett urskog, eit ruvande fjell med stup og mørke avgrunnar – ein jotunheim. Originaliteten er i alle fall heva over tvil, der blir kritikarane einige.

Ikkje populærvitenskapleg?

Det er nok dei som vi hevde at det ikkje kan la seg gjere å presentere eit populærvitskapleg foredrag om dette «1200 siders uleselig diktverk om en religionsstifter i rallarbunad, en trøndersk Zarathustra, skrevet på et kasusbefengt, arkaisk Innherads-nynorsk av det tidligere sinnsyke geniet Kristofer Uppdal» som Erlend O. Nødtvedt skriv i innleiinga til masteroppgaven sin «Profetens tale – Kristofer Uppdals Kulten og kritikkens møte med fjellet»

Drag på publikum

Men, Erlend O. Nødtvedt har eit ufatteleg «drag» på både tilhøyrarar og lesarar. «Det er få poeter i Norge i dag som besynger, besverger, leker, raljerer og forfrisker som Erlend O. Nødtvedt», sa Mads Nygaard i 2019 under utdelinga av Mads Wiel Nygaards legat. – «Nødtvedt er i ferd med å innta en sentral plass i norsk samtidslitteratur». Erlend Ottesen Nødtvedt er ein norsk forfattar frå Fyllingsdalen i Bergen. Han debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008, før Bergens Beskrivelse kom ut i 2011. I 2014 kom Trollsuiten. I 2017 romandebuterte han med Vestlandet, før han i 2019 vende attende til lyrikken med samlinga Slekter.  Erlend O Nødtvedt er omtala med så mange superlativ og har fått så mange litteraturprisar og stipend at ein kan miste pusten av mindre..  Når vi veit at diktverket Kulten og diktaren Uppdal er noko alle litteraturinteresserte bør kjenne til og at foredragshaldaren har ord på seg for å fengsle så vel ungdommar som pensjonistar så er vi sikre på at denne programposten vil gå inn i soga som noko av det mest interessante under Uppdaldåggån 2023.  I samarbeid med Steinkjer bibliotek.

Elvesalen, Steinkjer kulturhus, søndag 12. nov kl 16.00

Gratis inngang for medlemmar i Kristoffer Uppdals Venner